Tilbake til alle arrangementer

Middelhavslitteratur - Frå Ferrante til flyktningkrisa - Sandefjord Bibliotek

Kristin Sørsdal omsett fem romanar av den italienske forfattaren Elena Ferrante til norsk og kryssa kontinuerleg grensene mellom dei to språka, og dei to landa. Samtidig har Europa opplevd ein kontinuerleg straum av andre grensekryssarar, den så kalla flyktningkrisa som har gjort middelhavsstrendene til noko meir enn berre ein feriestad for solhungrige nordbuarar med Ferrantebøker i bagasjen. Andre bøker har pressa seg fram. Bøker som handlar om migrasjon, mellomhav og murar. Italienske Alessandro Leogrande kjem ut på norsk i år med boka Grensa – omsett av Sørsdal – som handlar om grensekryssarar dei siste femten åra og Europas iblant barbariske grenseforvaltning. Parallelt med omsetjingsarbeidet har Sørsdal skrive sin eigen middelhavsroman med tittelen Mare.

Ho vil her snakke om arbeidet sitt og reisene som har ført henne til desse bøkene.

Tidligere arrangement: 4. september
Minitopptur - Sandefjord Turistforening
Senere arrangement: 5. september
Omvisning på Haugar Vestfold kunstmuseum